Bernhard Riemann

Georg Friedrich Bernhard Riemann (17. november 1826–20. juli 1866) var ein tysk matematikar som leverte viktige bidrag til matematisk analyse og differensialgeometri. Nokre av oppdagingane hans bana vegen for den seinare utviklinga av generell relativitet. Riemann var ein av dei mest innflytnadsrike matematikarne på midten av 1800-talet, og sjølv om han publiserte lite opna han vegen til nye område av matematikken ved å kombinere analyse og geometri. Han overtok etter P. G. L. Dirichlet som professor i Göttingen i 1859. Dokoravhandlinga til Riemann frå 1854, Über die Hypothesen, welche der Geometrie zu Grunde liegen er eit av dei revolusjonerande bidraga hans til geometrien. Det er her ein for første gong finn ideane som vert kalla riemannsk geometri, og som kom til å spele ei hovudrolle i relativitetsteorien til Albert Einstein.


Developed by StudentB